Merkevareplattform

Merkevara, som dei over ”dammen” kallar brand har og blitt definert som ”forretningsstrategiens ansikt”. Før vi kan begynne å bygge ei merkevare må vi ha ein forretningsmodell som mellom anna fortel korleis vi ønskjer å posisjonere oss.

Med andre ord må vi vite kvifor vi er til, kva som skil oss frå konkurrentane, kva oppdraget vårt er i marknaden, kor vi vil hen og kven vi ønskjer å nå med vår bodskap. På dette fundamentet kan vi setje i gang med å bygge ei sterk merkevare, der merkevarestrategien er sentral.

Ut frå desse byggesteinane kan vi deretter utarbeide ein grafisk profil med designmanual, logo og andre visuelle uttrykk.

Dette er grunnpillarane i merkevarebygginga (eng. branding) som handlar om å etablere og kommunisere ei merkevare, og slik bygge preferanse hos målgruppa og dermed auka sal og eit godt omdøme.


Vil du vite meir?