DotNetNuke - vår tekniske plattform for nettsider

DotNetNuke® er den leiande CMS-løysinga basert på Microsoft ASP.NET teknologi. Systemet er gratis, basert på "open source" eller åpen kjeldekode og har ein veldig seriøs organisasjon bak (DotNetNuke Corp).

Gasta er blant dei mest erfarne i Norge på utvikling av websider med DotNetNuke som publiseringsprogram. DotNetNuke blir brukt på over 700.000 nettsider verda rundt, og har over ein million brukarar i sitt community. Blant dei mest kjende organisasjonane som bruker DotNetNuke finn vi Texas Instruments, Sears og det amerikanske utanriksdepartementet.

DotNetNuke 6.0 – extreme makeover

I juli 2011 kom DotNetNuke i versjon 6.0 bygd på C# og med eit fullstendig endra brukargrensesnitt, som gjer det enklare og raskare for kunden å jobbe med innhald på websidene til dagleg. DotNetNuke 6 representerar eit heilt nytt produkt, er raskare, enklare å bruke, og har fått veldig gode kritikkar i fagpressa.

Gasta baserar alle sine løysingar på DotNetNuke 6. Det gjer at vi nå bla. byggjer inn veldig stor grad av automatikk på bildebehandling, slik at du kan berre laste opp foto – så tek systemet seg av resten. Vi tilpasser også alle løysingane til kvart selskap sine behov. Er det viktig for deg f.eks å ha ei god oversikt over referansar, eller ønskjer du ei spesiell visning av tilsette – då tilpassar vi det slik at du får ei rask og brukarvennleg løysing å arbeide i til dagleg. DotNetNuke er ein avansert utviklingsplattform, og Gasta har opparbeidd god erfaring på bruken av utviklingsverktøyet XMod som gjer utvikling på DNN-plattformen raskare og enklare.

Vil du vite meir?