Leadgenerering handlar om å fange opp kontaktinformasjonen til potensielle kundar som besøker nettsidene dine slik at du kan komme i 1:1 dialog med dei og gjere dei til gode kundar.
Folk legg ikkje att e-postadresse eller telefonnummer på nettsidene dine om dei ikkje får noko att for det. Du må ha noko av verdi å gi dei. Eit incentiv eller ei "gulrot" på godt norsk.
Det kan vere ein gratis rapport, eit nyheitsbrev, eller kanskje ein serie med videoar, ein gratis prøvetime eller deltaking i ein konkurranse med flotte premiar. Men, for å unngå personar som ikkje er interessante eller kvalifiserte bør gulrota vere noko som er spesielt interessant for målgruppa di.
Når du så har generert eit lead blir kontaktinformasjonen lagt inn i ein database og kanskje synkronisert opp mot ditt CRM-system. Men ikkje plukk opp telefonen enno, for no kan du begynne å bearbeide og varme opp denne potensielle kunden med eit automatisert dialogprogram som ofte kan bestå av ein serie av e-postar og SMS, og til slutt personleg oppfølging.
Dette kallast lead nurturing, og lar salgsstaben din få konsentrere seg om dei heitaste "leadsa" som over tid har blitt eksponert for verdifull og nyttig kommunikasjon. Heilt på autopilot!
Vil du ta ein prat om leadgenerering og lead nurturing, så ta kontakt med oss!