Normatic

Normatic

Selskapet leverer driftsautomatikk der avanserte kommunikasjonsløysingar ligg i botn. No samlar dei all webkommunikasjon i ny nettstad levert av Gasta.   

Normatic AS har sitt hovudkontor på Nordfjordeid i Sogn og fjordane, med avdelingskontor i Førde, Sandvika og på Lillehammer.

Hovudforretningsområda er vatn- og avlaupsautomasjon og byggautomasjon, i tillegg til at dei også leverer tenester til maritime verksemder.

Med utvikling av krevjande automatikkløysingar er Normatic avhengig av god og kontinuerleg kommunikasjon mot kundane. Selskapet har difor bygt opp den nye nettstaden med integrert support- og kundenett.

Nettløysinga, som er bygt på publiseringsløysinga DotNetNuke,  inkluderer også eit intranett for intern kommunikasjon.  

- Dette er eit typisk døme på eit selskap som set eigen nettstad i sentrum for all digital kommunikasjon. Nettstaden vert no sjølve "navet" i kommunikasjonen, noko som heilt klart vil forenkle kvardagen for både dei tilsette og kundane, seier Vidar Bondevik i Gasta.