Vestavind Kraft
"Tusen takk for god prosess og godt resultat :-)"
Monica Løkling Mundal
Rådgjevar - Vestavind Kraft AS
Vestavind Kraft AS er heilt i front i det høgteknologiske miljøet som no skal utvikle gode løysingar innan rein og fornybar energi. Gasta har levert CMS med kartløysing i Flash.
Selskapet vart etablert allereie i 2005, med føremål å utvikle, byggje, eige og drive vindkraftanlegg. I tillegg leverer dei konsulent- og tenesteleveransar til andre område innan vindkraft og vindteknologi.
Gasta har levert nettløysinga, basert på publiseringssystemet DotNetNuke. I kravspesifikasjonen frå Vestavind Kraft AS var enkle og brukarvennlege kartløysingar eit viktig punkt - deira satsingar spenner seg over store geografiske område, og dette skulle kome fram på ein enkel og oversiktleg måte.
Vi har difor utvikla ei totalløysing med ein nyheitsdriven nettstad med interaktive kart laga i Flash. Og både vi og kunden er godt nøgd med resultatet!