CrediCare

CrediCare

CrediCare - BrosjyreCrediCare - Nettstad
 

CrediCare er eit av dei største inkassoselskapa i landet. Vi har utvikla namn, merkevare og grafisk profil for dei. Våren 2011 utvikla vi også nye nettsider for CrediCare.

Dei kalla seg tidlegare Vest Inkasso as og kom til oss med ønskje om å gjere nokre endringar.Vi gjennomførte namneendring, merkevareprosess, grafisk profil og vi utvikla nye websider. Eit omfattande, men typisk Gasta-prosjekt. Merkevareprosessen vart gjennomført i samarbeid med konsulent Kristian Jørgensen. Merkevareplattformen byggjer på to element: CrediCare skal vere enkle for kunden - og dei skal ta godt vare på kundane sine kundar.

Gasta utvikla så ein profil som understøtte denne merkevareplattforma. Enkel logo, men samtidig ein fleksibel profil. Kunden har hatt fin vekst og implementering av ny merkevareplattform og profil har vore eit vellukka prosjekt for CrediCare.

Nye nettsider vart utvikla våren 2011. Vi gjennomførte brukarundersøking i forkant, sidene er uhyre oppgåve-fokusert og det er lagt stor vekt på interaksjonsdesign og utvikling av seljande kjernesider.

Ta ein kikk på www.credicare.no