Gloppen hotell

Gloppen hotell

Historiske Gloppen Hotell ligg sentralt til i Sandane, Nordfjord. Hotellet har tradisjonar heilt tilbake til 1829, og er i dag eigd av Dag og Irene Moen.

Gloppen Hotell - BrevarkGloppen hotell - BrosjyreGloppen hotell - Nettstad

Gasta fekk i oppdrag å utvikle grafisk profil og webløysing for hotellet. Selskapet var i startfasen på ei satsing på lokal mat. Saman med hotellet si lange historie, vart difor lokal mat og historia basisen i merkevareplattforma til hotellet, og vi utvikla merkeløftet "Lokale smakar. Historisk miljø".

Logoen byggjer på hotellet si lange historie som jakt og laksehotell og byggjer vidare på logoen dei hadde. 

Inkludert i oppdraget var og utvikling av namn, grafisk profil, web og emballasjedesign til dotterselskapet Fjordameny. Dag Moen og Bodil Fjellestad tok satsinga på lokal mat litt lengre enn dei fleste og valte å starte eit eige selskap som sel lokal mat av fantastisk kvalitet til butikkar og andre hotell.

Skal du til Nordfjord, køyr for all del ikkje forbi Gloppen hotell. Vi garanterer ei matoppleving av dei sjeldne.

...og kombinasjon av lokal mat og den nye profilen til hotellet har gav solid vekst i omsetning i eit år der mange hotell opplevde nedgang.

Ta også ein kikk på websidene til Gloppen hotell