Lægreid Hotell
Vi i Gasta var glade då vi fikk oppgåva med å utarbeide nye nettsider for ein av våre favorittar i Sogndal, Lægreid Hotell. Vi hadde ein fin prosess saman med Inger Sølvi Flåten frå Lægreid Hotell og Hege Ramm frå Best Western Norge. Dei nye nettsidene skal syne noko av den varme atmosfæra som ein finn på Lægreid, samt tilfredsstille dei stilkrava som kjem av Lægreid sitt medlemskap i den store hotellkjeda Best Western.
Saman med Oskar Andersen har vi fått teke ein fotoserie som skal vise kor gjennomført høg standard ein finn på hotellet. Vi har også gjort små justeringar på logoen, utarbeida profilplakatar, ei ny profilbrosjyre og vi har saman utarbeida ein merkeplattform med eit tydeleg merkeløfte.