Ecoice
Gasta har utvikla grafisk profil, nye nettsider og merkeplattform for Ecoice, ei spennande satsing på tørrisblåsing.
Nye nettsider, grafisk profil og merkeplattform for Ecoice
Gasta design og kommunikasjon har utvikla grafisk profil, nye nettsider og merkeplattform for Ecoice frå Raudeberg. Teamet som har ført dette prosjektet i hamn er Ruilin Wang og André Kalstad i Gasta. For kunden har dagleg leiar Frode Kupen hatt regien.
Ecoice er produsent av tørris, og forhandlar av Icetech tørrisblåsemaskiner i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Tørris kan nyttast til reinhald og reingjering, frysing og kjøling. I tillegg er tørris svært populært nytta til kultur og underhaldning.
Gasta har svært stor tru på at Ecoice vil lukkast med si satsing. Dei er ryddige og profesjonelle, og har eit svært godt produkt. Tørris er i tillegg eit svært godt miljøvenleg alternativ til både sandblåsing og høgtrykkspyling.