Case: Gravdalgruppa

- Ny logo, grafisk profil og webside har nesten gitt oss ein ny vår. Vi har fått mange tilbakemeldingar på den visuelle endringa vi har gjort, og dei har vore udelt positive, seier Stian Grimseth, dagleg leiar for Gravdal Bustadprosjekt as, eit av selskapa i Gravdalgruppa.

Klar melding frå prosjektleiaren og den tidlegare vektløftaren og deltakaren i Mesternes Mester altså!  Vi er resultatorienterte, og tykkjer det er interessant å sjå resultatet av prosjektet, ca. eit halvår etter at vi lanserte den nye grafiske profilen og websida til Gravdalgruppa. 

Enkel grafisk profil med få element

Enkel fontbasert logo, få visuelle element, og ein enkel fargepalett er essensen i den nye grafiske profilen. Redusert bruk av visuelle element og fokus på færre fargar, er klare trekk ein ser i utviklinga av grafiske profilar no når det meste skal presenterast på digitale flater.

-Den enkle grafiske profilen med sterk bruk av ein blå-farge, heng veldig godt saman med innhaldet i den strategiske prosessen vi hadde i forkant. Vi hadde ein profil som var sterkt knytta til Blink Hus sin profil, nå er vi i ferd med å ta eigarskap til vår eigen blåfarge, og det er positivt, seier Grimseth.

 

Nettsider med fokus på oppgåver

Før vi starta prosessen med design på nettsidene var vi gjennom ein workshop der vi i fellesskap definerte målgruppe og dei oppgåvene målgruppa vil ha utført på weben. Vi personleggjer målgruppa gjennom å bruke personas-verktøy, så set vi opp kva oppgåver vi trur desse vil ha gjort på nettsida og lager ein tenkt "sti" for kvar vi ønskjer brukarane av nettsida skal klikke.

 

 

Vil du vite meir?