Vinn ein bil på Fjellsportfestivalen!
Bli med på Fjellsportfestivalen i Sogndal og vinn deg ei klassisk VW boble. Du kan lese meir på dei nye nettsidene til festivalen.
Fjellsportfestivalen går av stabelen i Sogndal 21-26.februar. I år kan deltakarane faktisk vere med i trekninga av to stykk VW Boble av god gammal årgang. Oppussa og oppattlakkert av fagfolk, visstnok!
Vi har utvikla nye nettsider til festivalen. Dei er basert på DotNetNuke 6.1, og vi har utvikla design og gjort teknisk implementering. I tillegg har vi fokusert på å lage gode malar slik at det skal vere enkelt for kunden å leggje inn informasjon - noko Torgeir Skålid & Co er flinke til.
- Sjå nettsidene til Fjellsportfestivalen
På nettsidene finn du og interaktive kart levert av Vavia as. Vi i Gasta har utvikla logo til dette selskapet. Klikkar du på linken under kan du for eksempel ta deg ein tur ned Svarteholten (Blåfjellet) i Sogndal. Her ser du Vavia si løysing der ein kombinerar video og GPS/kart-visning.
- Køyr ned Svarteholten på ski