Nye nettsider for Fleksibo
Vi har laga nye nettsider til Fleksibo med produktdatabase som kan oppdaterast etter Rema-metoden. Det enkle er ofte det beste!
Vi avsluttar i desse dagar fleire nettsideprosjekt bl.a. Petal, Fjellsportfestivalen, Fleksibo og fleire vi kjem tilbake til seinare.
Fleksibo er ein liten produsent av kjøkken, bad og garderobar. Dei nye nettsidene deira er basert på DotNetNuke 6.1, som er blitt veldig enkel og rask å jobbe i.
Websidene blir eit stadig viktigare salsverktøy. Då må det også vere enkelt å oppdatere f.eks ein produktdatabase med kjøkken. Med nye DotNetNuke er det verkeleg det! Fleksibo klikkar på Nytt kjøkken, legg inn navn på kjøkken, skriv kort tekst og lastar opp foto som tilpassar seg automatisk til formatet på websida. Utlisting skjer sjølvsagt automatisk.
Enklare kan det neppe bli! Og dette er viktig; for web og digital kommunikasjon blir ikkje mindre sentralt for bedrifter i 2012....
-Sjå www.fleksibo.no
-Les meir om DotNetNuke
-Ta kontakt med Gasta