E-postmarknadsføring mest effektivt

E-postmarknadsføring mest effektivt

I alt ståket rundt sosiale media kan det verke som at e-postmarknadsføring blitt gløymt som kanal, sjølv om det er e-post som framleis gir best ROI.

I følge ei undersøking av Econsultancy i år, svarte 72% av respondentane at e-postkampanjane deira hadde utmerka eller svært god ROI (lønsomheit). Berre søkemotoroptimalisering fekk betre rangering.

E-post er effektivt fordi det er lett å få til sjølv i organisasjonar med små ressursar. Med eit godt system for e-postmarknadsføring er det ikkje veldig tidkrevjande å setje opp enkle nyheitsbrev eller eDM'ar, og heller ikkje dyrt samanlikna med andre former for marknadskommunikasjon.

Sender du for eksempel ut eit nyheitsbrev til 1000 abonnentar kan du med eit godt segmentert liste og eit relevant og engasjerande innhald forvente klikkrater på 20% eller meir. Dermed har du kontakt med 200 kundar!

E-post er også svært godt eigna til å identifisere og kvalifisere leads (kundeemner), og med e-postsystemet har du og oversikt over kven som har klikka på dei ulike linkane slik at du kan følgje opp kundebasen på det dei viste interesse for.

Har du eit litt meir avansert system kan du og lage automatiske e-postar som følgjer opp dei som klikka, eller dei som ikkje klikka. På denne måten sørgjer du for å halde kontakt med kundebasen og utvikle denne, samtidig som du sjølv genererer leads. 

Kun kreativiteten set grenser, då det meste er mogleg å gjere på e-post, også gjerne i kombinasjon med andre media. Det er derfor ikkje overraskande at 4 av 10 bedriftsleiarar kallar e-post den mest effektive marknadsføringskanalen for deira bedrift (Datran Media, 2010). 

E-post er derfor ikkje gløymt, om enn fortia, noko ei undersøking av BtoB Magazine frå januar 2011 viste: 63% av dei spurte planla å auke budsjettet på e-postmarknadsføring i 2011, medan 29% ville bruke like mykje som førre år.

Har du erfaringer med bruk av e-post i di marknadsføring, eller har du innspel til dette innlegget? Del det gjerne i kommentarfeltet under. Vi høyrast!

Vidar Bondevik er dagleg leiar i Gasta og brenn for CRM, salg og webteknologi.



print
  Kommentarer

Ingen kommentarer. Bli den første til å legge inn ny kommentar.

Navn
E-post
Nettside
Tittel
Kommentar
CAPTCHA image
Legg inn koden
Del artikkelen